Vayme
V

Vikariat overlege ortopedi

Voss sjukehus, Helse Bergen HF

VOSS Vikariat August 3, 2026

Job description

Voss sjukehus søkjer etter spesialist i ortopedisk kirurgi. Ortopedisk seksjon har ledig eit vikariat for spesialist i ortopedi i perioden 01.11.2026 - 31.01.27 då ein av ortopedane våre skal ha foreldrepermisjon. Voss sjukehus Ortopedisk seksjon har fem fast tilsette ortopedar og tre LIS 3. Ortopedisk seksjon behandlar både akutt og elektiv ortopedi. Av elektiv ortopedi vert det utført protesekirurgi i hofte og kne, artroskopi i skulder og kne, handkirurgi, og fot- og ankel kirurgi. Erfaring innan eitt eller fleire av desse fagområda er ei føremon. Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og andre kringliggande kommunar i Sogn og Hardanger. Voss herad har rundt 16.500 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne, innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko, og Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg berre nokre steinkast frå sjukehuset. Det er også ein flott 9-hols golfbane her. Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz og Osafestival, og det er god offentleg kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo. Voss har elles eit godt utbygd skuletilbod med vidaredaregåande skular med både studieførebuande og yrkesretta utdanningsprogram. Arbeidsoppgåver • Elektiv og akutt ortopedi (operasjon, poliklinikk, visitt, rettleiing av LIS) • Delta i avdelinga si vaktordning Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan ortopedisk kirurgi • Du oppsøkjer og/eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå Personlege eigenskapar • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din Vi tilbyr • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver  • Vi kan hjelpe deg med å finne ein passande bustad • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Birger Norderud Lærum, Direktør, 56533763 Arbeidsstad Sjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5147209297 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.01.2027 Søknadsfrist: 28.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.