Vayme
H

Vikariat lærar

Hognestad skule, Time kommune

BRYNE Vikariat August 6, 2026

Job description

Vikar lærar   Hognestad skule, Time kommune  Time kommune har, hausten 2026, ledig eit vikariat i 100% stilling som kontaktlærar på mellomtrinnet ved Hognestad skule - snarast - t.o.m 22.12.26. Søknadane blir behandla fortløpande.  Skulen ligg i landlege omgjevnader ca 5 kilometer sør frå Bryne. Skuleåret 2026-2027 har me 53 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Skulen har eigen idrettshall som er aktiv i bruk på dag og kveldstid. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitet i friluft.  På Hognestad er foreldra og lokalmiljøet opptekne av skulen sin, og deltek med engasjement i samhandling med skulen.  Hognestad skule sine utviklingsområder er lesing, rekning, engelsk og motivasjon. Målet er at alle elevane skal oppnå sitt høgaste potensiale, og at elevane skal vera aktive i undervisninga og i eiga læring. Leik på tvers av trinn er ein av våre styrkar.  Skulane i Time er ein del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Hognestad skule er i nettverk saman med Bryne skule, Orre skule, Tu skule og Varhaug skule.  På Hognestad skule har alle elevar og tilsette personlege læringsbrett som verktøy for å forsterka læring. Trinntid og teamtid vert brukt til refleksjon og deling med fokus på læring.  Arbeidsoppgåver - Kontaktlærar   - Sjå og møta den einskilde elev der han/ho er  - Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang  - Samarbeida godt og spela på lag med andre   Kvalifikasjonar - Godkjent lærarutdanning for barneskule og gjerne erfaring frå grunnskule  - Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.  - Har god digital kompetanse  - Kan ta livredningsprøven og ha symjeundervising i stort basseng. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • -Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet  -Evne til å kunna arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast  -Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg  -Lika utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar  -Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap  -Gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg  -Gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen  Vi tilbyr • Gode pensjonsordningar  • Løn etter tariff • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.   Kontaktinformasjon Ingveig Nærland Ødegård, Rektor Arbeidsstad Hågenholen 1 4346 Bryne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5162346731 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 22.12.2026 Søknadsfrist: 21.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.