Vayme
G

Tilkallingsvikar ved Gol skule

Gol kommune Gol skule

GOL Engasjement August 18, 2026

Job description

Vil du vere tilkallingsvikar ved Gol skule? Gol skule er ein 1.-10.-skule med om lag 470 elevar og 90 tilsette. Vi er stolte av å vere ein inkluderande og utviklande skule der elevane står i sentrum, og der både elevar og tilsette skal oppleve meistring, trivsel og fellesskap. No ønskjer vi å knyte til oss fleire engasjerte tilkallingsvikarar som vil vere med og gjere ein forskjell i elevane sin kvardag. Vi søkjer: • tilkallingsvikar som lærar • tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent Vi håpar at du: • har engasjement for og interesse for barn og ungdom si læring og utvikling • er ein aktiv, fleksibel og positiv samarbeidspartnar • møter elevar og kollegaer med godt humør, omsorg og respekt • ønskjer å bidra til eit trygt og godt læringsmiljø Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Kvalifikasjonar: Godkjend utdanning etter kapittel 14 i forskrift til opplæringslova, eller anna relevant utdanning og/eller erfaring. Hos oss får du: • arbeide i eit moderne skulebygg tilpassa dagens undervisning • bli ein del av eit inkluderande, engasjert og triveleg arbeidsmiljø • moglegheit til å bidra i ein organisasjon i utvikling • varierte, lærerike og meiningsfulle arbeidsdagar Løn og tilsetjingsvilkår: Løn etter utdanning og ansiennitet. Anna informasjon: • gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing • ved eventuelt intervju ber vi om at godkjende kopiar av vitnemål og attestar blir tekne med Slik søkjer du: Vi ønskjer at du nyttar vårt elektroniske søknadsskjema. Alle søkjarar får kvittering på at søknaden er motteken dersom riktig e-postadresse er registrert. Søknadsfrist: 06.09.2026 Vi ser fram til å høyre frå deg, og håpar du vil bli ein del av fellesskapet ved Gol skule! Link til søknadsskjema: Søk her

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.