Vayme
O

Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 2026/2027

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

ØRSTA Vikariat August 9, 2026

Job description

Ørsta kommune treng til ei kvar tid lærarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027.   Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i Ørstaskulen. Arbeidsoppgåver Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor. Aktuelle skular: Dalane skule: 41 86 43 20 Hovden skule: 91 42 84 76  Sæbø skule: 47 66 83 79   Vartdal skule: 99 28 69 99   Velle skule: 46 92 65 82 Vikemarka skule: 700 47 700   Ørsta opplæringssenter: 700 45 300 Ørsta ungdomsskule: 95 16 91 71    Kvalifikasjonar Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Vi ønskjer likevel først og fremst søkjarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding. Personlege eigenskapar Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.Vi tilbyr Arbeidsavtale og -vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Om offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. Kontaktinformasjon Pål Einar Brekke, Kommunalsjef Arbeidsstad Dalevegen 6 6153 Ørsta Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5163370662 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 27.06.2027

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.