O
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 26-27
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
ØRSTA Vikariat August 9, 2026
Job description
Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for assistentar, fagarbeidarar og miljørettleiarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i Ørstaskulen.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med elevar på alle trinn i grunnskulen og på SFO.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov.
Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor.
Aktuelle skular:
Dalane skule: 41 86 43 20
Hovden skule: 91 42 84 76
Sæbø skule: 47 66 83 79
Vartdal skule: 99 28 69 99
Velle skule: 46 92 65 82
Vikemarka skule: 700 47 700
Ørsta opplæringssenter: 700 45 300
Ørsta ungdomsskule: 95 16 91 71
Kvalifikasjonar
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.Vi tilbyr
Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert
konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil
oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom
kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om
å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål Einar Brekke, Kommunalsjef
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5163368106
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 27.06.2027
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

