Vayme
M

Spennande utdanningsstilling som skopisjukepleiar

Medisinsk poliklinikk Førde, Helse Førde

FØRDE Fast August 27, 2026

Job description

Medisinsk poliklinikk har ledig ei nyoppretta og spennande stilling som skopisjukepleiar innan fordøyingssjukdommar Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med om lag 25 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre fagmiljø.  Arbeidsoppgåver Stillinga er nyoppretta med tanke på oppgåvedeling mellom lege og sjukepleiar. Stillinga skal kvalifisere for å kunne utføre koloskopiar innan tarmscreening og kontrollar. Opplæring og supervisjon vert utført av overlege og spesialist i fordøyingssjukdommar. I tillegg til skopering ligg også administrativt arbeid og fagutvikling til stillinga.  Kvalifikasjonar Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/gastrosjukepleiar. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team. Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss. Vi tilbyr Medisinsk poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege samlingar.  Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse Kontaktinformasjon Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5172471229 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.