Vayme
S

Sjukepleiar

Sengepost nevrologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF

HJELSET Fast August 24, 2026

Job description

Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringar kvar dag? Sengepost nevrologi har no ledig ei fast 100 % stilling. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse og varierte arbeidsdagar. Vi ser etter deg som trivst med pasientretta arbeid, både i samarbeid med andre og når du arbeider sjølvstendig. Du er positiv, fleksibel, nysgjerrig og tek initiativ i kvardagen. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, gode kollegaer, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver. Har du spørsmål om stillinga eller ønsker å vite meir om seksjonen, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Ved interne omrokkeringar kan det òg bli ledig andre stillingsstorleikar. Kikk gjerne innom vår instagramkonto sengepostnevrologi_SNR. Arbeidsoppgåver • Sjukepleie til den nevrologiske pasienten • Stell og pleie • Tverrfagleg samarbeid • Bygge kompetanse og fag • Rettleiing av sjukepleiestudentar • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten • News-målinger • Observasjon • Dokumentasjon Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjons som sjukepleiar • Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du har ønske om å jobbe med nevrologiske pasientar • Du har gode samarbeidsevner, og evner å jobbe både i team og sjølvstendig • Du har ei positiv innstilling og har evne til å ta initiativ • Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. Kontaktinformasjon Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041 Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5167839795 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.