Vayme
V

Ringevikarar

Vindafjord kommune Ølen skule

ØLEN Annet August 13, 2026

Job description

Me søker: Ringevikarar til Ølen skule og SFO. Tiltreding snarast. Søknadar blir vurdert fortløpande. Hovudarbeidsoppgåver: Me på Ølen skule har behov for deg som kan og har lyst å vera ringevikar på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom som har eit friår og ynskjer å arbeida med barn? Eller er du heimeverande av andre årsaker og kunne tenke deg å jobbe med barn og unge i eit trivelig og godt miljø? Det vil vera arbeid knytt til undervisning i klassar, oppfølging av grupper og enkeltelevar og arbeid ved SFO-avdelinga. Kvalifikasjonar: • Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar. • Utdanning innan undervising, barn eller unge er ønskeleg. • Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn. • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Personlege eigenskapar: • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. • Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper. • Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår. • Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer. Me kan tilby: • Variert arbeid i eit positivt miljø • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson • God opplæring og samarbeid med andre • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning) Lønsvilkår: Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Om Ølen skule: • Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar • Ligg sentralt til i Ølen • Me har eit aktivt og engasjert personale • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA. Slik søker du:  Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.