Job description
Ønskjer du å bidra til betre livskvalitet, meistring og utvikling for barn og unge med funksjonsnedsettingar og samansette behov?
Habiliteringstenesta for barn og unge søkjer ein engasjert rådgjevar til eit tverrfagleg spesialistmiljø. Vi har oppstart i stillinga 01.10.2026
Vi ønskjer ein medarbeidar som kombinerer klinisk kompetanse, heilskapleg tenking og interesse for rettleiing og samarbeid på tvers av tenestenivå.
Om seksjonen
Barn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og livskvalitet.
Hos oss blir du del av eit kompetent fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog. Vi legg stor vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg fagutvikling.
Vi ønskjer å vere ein framtidsretta seksjon og tek aktivt i bruk nye arbeidsformer og digitale løysingar. Mellom anna deltek vi i eit prosjekt der kunstig intelligens (KI) blir testa som støtte i journalarbeid og dokumentasjon. Målet er å frigjere meir tid til pasientar og familiar.
Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar menn til å søkje stillinga.
Arbeidsoppgåver
• Kartlegging og vurdering av funksjon, deltaking og meistring hos barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar
• Bidra i utgreiing, tiltak og oppfølging av barn og unge med utviklingshemming, nevroutviklingsforstyrringar og samansette hjelpebehov
• Rådgiving og rettleiing til føresette, kommunale tenester, skule og barnehage
• Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper i spesialisthelsetenesta og kommunen
• Bidra i arbeid knytt til utfordrande åtferd, tilrettelegging, miljøbehandling og førebyggjande tiltak
• Undervisning, kompetanseheving og fagutvikling
• Deltaking i utviklingsarbeid, nettverk og prosjekt
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer søkjarar med:
• Bachelorgrad innan helse- eller sosialfag
• Relevant vidareutdanning eller mastergrad er ønskjeleg
• Kompetanse innan funksjonskartlegging, miljøterapeutisk arbeid eller kognitive tilnærmingar knytt til ulike diagnoser og adfersvansker
• Erfaring med rettleiing av pårørande og tenesteytarar er ønskelig
• Erfaring frå habiliteringsfeltet eller arbeid med personar med funksjonsnedsettingar og samansette behov
• Erfaring med offentleg saksbehandling. Det er ein fordel med erfaring med å skrive uttalelser til statsforvalter
• Erfaring med arbeid knytt opp mot HOL kapittel 9, enten på kommunalt nivå eller spesialistnivå
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel med erfaring frå:
• Arbeid med utfordrande åtferd
• Videreutdanning i kognitiv terapi eller anna tilsvarande kompetanse
• Arbeid med seksuell skadelig adferd
• Innsikt i, og arbeidserfaring med sjeldne diagnosar og samansette tilstandar, FASD og andre nevroutviklingsforstyrringar
• Erfaring med risikovurdering og førebyggjande arbeid
• Erfaring med opplæring og undervisning
• Erfaring med samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
• Har god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
• Er analytisk og kan sjå heile mennesket og systemet rundt
• Tek initiativ og finn løysingar i komplekse situasjonar
• Arbeider sjølvstendig og strukturert
• Samstundes trivst i tett tverrfagleg samarbeid
• Har engasjement for fagutvikling og kunnskapsbasert praksis
Vi tilbyr
• Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
• Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
• Moglegheit til å påverke utvikling av tenester for barn og unge
• Rettleiing, kompetanseutvikling og fagleg fordjuping
• Lønn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Martha Thorsheim, Seksjonsleiar, 578 39 000
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5171886096
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

