Vayme
S

Overlege Barnesjukdomar

SEKSJON FOR BARN OG UNGE SNR, Helse Møre og Romsdal HF

HJELSET Fast August 17, 2026

Job description

Vi har ledige stillingar for overlege innan barnesjukdomar med oppstart frå snarast! Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved SNR Hjelset er det sengepost,  dagbehandling og poliklinikk  og habiliteringsenhet for barn og ungdom i alderen 0-18år.  Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset med en spesialistar innan pediatri, og vi søkjer derfor etter vaktkompetente spesialistar. • 1 x 100% fast stilling • 1 x 100% vikariat tom 30.09.27 Barn flytta inn i det nye og morderne sjuhehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) 02.06.25. Det nye akuttsjukehuset er plassert på Hjelset i Molde kommune. Det er Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år. I Kristiansund er det enkelte dagar tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling. Den som vert tilsett må rekne med fast arbeidsstad ved SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar i Kristiansund. Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil blii inkludert i eit godt arbeidsmiljø! Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten.Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv! Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Arbeidsoppgåver • Generell pediatri i sengepost og poliklinikk med vaktarbeid på sengepost Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning • LIS 2/3 som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga • God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg Personlege eigenskapar • Den rette kandidaten må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon • Vere sjølvstendig, fleksibel og ha evne til å kunne ta ansvar • Vere motivert for fagleg utvikling Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV. Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?  Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.  Les meir om Molde og Romsdalen her! Kontaktinformasjon Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, +47 711 16581, E-post:Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5164739064 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 15.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.