A
Miljøterapeut i Miljøteamet – 100% fast
Alver kommune
ISDALSTØ Fast August 6, 2026
Job description
Kort om stillinga:
Vi utvider teamet vårt, og søkjer etter ein ny kollega, i 100% fast stilling.
Vi søkjer etter deg som brenn for å sikre eit godt barnevern. Du set pris på variert arbeid, er dyktig og har stor omsorg for barn og unge som befinn seg i ein krevande livssituasjon.
Miljøteamet er ein del av barneverntenesta og ei eiga avdeling. Miljøteamet har arbeidsstad i eigen bustad kor også samværsstaden inngår. Miljøteamet retter tiltak/oppgaver både mot barn, unge og familier. Teamet består av 6 miljøterapeuter, og ein operativ leiar.
Arbeidsoppgåver
• Miljøarbeid retta mot born, unge og familiar
• Tilsyn og tilrettelegging av samvær
• Familieråd
• Intensivt arbeid i akutte tilfelle
• Ettervern
Kvalifikasjonskrav:
Ønskjeleg med relevant helse- og sosialfaglig utdanning på bachelornivå (barnevernspedagog, sosionom, vernepleier) Søkarar utan høgskuleutdanning men har anna relevant erfaring og/eller videreutdanning/kurs/sertifiseringer kan også vurderast.
• Har sertifikat klasse B (avdelinga har tenestebilar)
• Har minimum 2 års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med barn og unge
• Kjennskap til kommunale tenester/organisering og god kjennskap til 1.linje tenester
• God skriftleg – og munnleg framstillingsevne.
• Det er krav om å legge fram godkjend politiattest, med heimel i barnevernlova, ved tiltrede i stillinga
• Vi oppmodar menn til å søkje.
Ønska personlege eigenskaper
• Er målretta og strukturert
• Gode samarbeidsevner og ønske om å skapa resultat
• Sjølvstendig
• Gode evner til relasjonsbygging
• God på observasjonar
• Fleksibel og løysingsorientert
• Er trygg, stødig og omsorgsfull
Vi tilbyr
• At du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og til ei teneste i spanande utvikling. Samt flotte og tilpassa lokalitetar.
• Sjølvstendig fleksibelt arbeid
• Turnusarbeid med arbeid med vakter dag, kveld og tredjekvar helg. Tenestea sitt innhald kan føre til behov for arbeidstid i medleverdøgn i deler av turnusen.
• Fagutvikling på fleire ulike område
• Systematisk oppfølging- og rettleiing
• Deltaking i utviklingsarbeid
• God pensjonsordning
• Løn etter gjeldande tariffavtale basert på kompetanse og erfaring.
Vi er Alver
Video om Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

