O
Medisinstudent med lisens
Ortopedisk avdeling, Helse Førde
FØRDE Vikariat August 18, 2026
Job description
Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer medisinstudent med lisens frå snarast til 28.02.2027.
Om avdelinga
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid.
Ved Lærdal sjukehus har vi skadepoliklinikk mandag - fredag på dagtid. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Ved Førde sentralsjukehus har vi tilbod innan følgjande fagområde:
• Traumatologi
• Handkirurgi
• Skulderkirurgi og skopisk kirurgi
• Protesekirurgi – hofte, kne, skulder
• Fot-/ankelkirurgi
• Ryggkirurgi
• Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og ni LIS1 stillingar. Vi har 7 døgns post i Førde.
Om regionen
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Sunnfjord kommune, omgitt av storslått natur med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Regionen byr på eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, treningssenter og eit variert fritidstilbod. Førde har gode kommunikasjonar til både Bergen og Oslo, og alle nødvendige tenester og fasilitetar er lett tilgjengelege i nærleiken. Sjekk elles ut kommunen vår på: Sunnfjord kommune.
Arbeidsoppgåver
• Arbeidsoppgåvene er knytt til vakt, akuttmottak, sengepost, poliklinikk, skadepoliklinikk og å assistere ved operasjonar
Kvalifikasjonar
• Minimum kompetanse er medisinstudent med lisens
• Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
• Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
• Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
• Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.
• Pasienten i fokus
Vi tilbyr
• Godt arbeidsmiljø
• Løn etter overeinskomst
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Navid Beigi, Avdelingssjef, (+47) 455 12 209
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5167506123
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 02.09.2026
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

