Vayme
H

Lege i spesialisering - kirurgi

Helse Møre og Romsdal HF

VOLDA Fast August 9, 2026

Job description

Vi har ledig ei 100 % fast stilling frå 1. september 2026 ved blautkirurgisk seksjon på Volda sjukehus, som er ein del av Helse Møre og Romsdal HF. Seksjonen er aktiv og framtidsretta, med eit breitt fagleg spekter innan blautkirurgi. Seksjonen tilbyr eit variert arbeid med oppgåver innan poliklinikk, operativ verksemd og deltaking i vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og brei klinisk erfaring. Vi legg stor vekt på tett tverrfagleg samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø der kunnskapsdeling, fagleg engasjement og samarbeid står sentralt. Som lege i spesialisering vil du få arbeide saman med erfarne spesialistar og vere ein viktig del av eit kompetent fagmiljø som er oppteke av kvalitet og pasienttryggleik. Seksjonen har eit sterkt fokus på utdanning og kompetanseutvikling, og legg godt til rette for rettleiing, supervisjon og progresjon i spesialiseringsløpet. Vi ønskjer å gi våre LIS-legar best mogleg fagleg oppfølging og gode rammer for å utvikle seg både fagleg og personleg gjennom spesialiseringa. Arbeidsoppgåver • Delta i seksjonen sine aktivitetar innanfor vakt, poliklinikk og operativ verksemd • Rettleiing vert gjeve etter vanlege retningsliner Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som lege • Fullført LIS 1 • Sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner • Må meistre norsk språk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du er engasjert – du viser initiativ, interesse og bidreg aktivt til å nå felles mål • Du er strukturert – du arbeider planmessig, prioriterer godt og sikrar framdrift og kvalitet i arbeidet • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø – du er positiv, inkluderande og bidreg til trivsel og godt samarbeid • Du medverkar til god tverrfagleg samhandling – du samarbeider godt med ulike faggrupper og deler kunnskap og erfaringar Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.  Kontaktinformasjon Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar lege, Therese.Karina.Saunes@helse-mr.no Gunnar Steve Dagslott, Seksjonsleiar, Gunnar.Dagslott@helse-mr.no Arbeidsstad Kløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5161998656 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.