Vayme
K

Lærar Kleppe skule

Klepp kommune, Kleppe skule

KLEPPE Vikariat August 10, 2026

Job description

Vi har ledig vikariat og søker etter ein motivert og engasjert lærar som ønsker å utgjere ein forskjell for elevane våre. Vil du arbeide på ein spennande barneskule med gode kollegaer? Vi har ledig lærarvikariat i 100%  frå snarast og til 31.07.27. Søk nå, ikkje vent til fristen, vi intervjuer fortløpande. Visjonen vår er saman om ein god start, og verdiane inkludering og meistring er viktige for oss i arbeidet med å skape ein framtidsretta skule der elevane kan utvikle seg i eit trygt og utforskande læringsmiljø. Kleppe skule er ein barneskule med 450 elevar og 82 tilsette. Vi har sentral plassering med god bussforbinding. Uteområdet vårt er stort og godt, og vi har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine. Ved skulen har vi Språkstasjon for 1.-7.trinn, som er ein eigen avdeling for elevar som kjem nye til landet. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø. Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal. Arbeidsoppgåver • Lærar 1.trinn • Planleggje og gjennomføre variert, utforskande og inkluderande undervisning • Sørgje for eit trygt, inkluderande og godt skule- og klassemiljø • Bidra til eit godt skule - heimsamarbeid • Delta aktivt i profesjonsfellesskapet Kvalifikasjonar • Godkjent undervisningskompetanse, GLU 1-7 eller allmennlærarutdanning. • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. • God digital kompetanse. • Legg ved attestar og vitnemål i søknaden (last inn som vedlegg i webcruiter) Personlege eigenskapar • Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega. • Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar. • Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson. • Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar • Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane. • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid. • Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel. • Du samarbeider og kommuniserer godt. • Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi tilbyr • Klepp kommune har gode velferdsordningar, pensjons- og forsikringsordningar. • Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar • Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk Kontaktinformasjon Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767 Arbeidsstad Viervegen 10 4351 Sandholen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5163427160 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 25.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.