Vayme
S

Kommuneveterinær

Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune

FLORØ Fast July 28, 2026

Job description

Kinn kommune søker ein engasjert veterinær til ei variert stilling med forvalting innan landbruk på dagtid og deltaking i klinisk veterinærvakt i kvelds- og helgevaktordning. Stillinga kan tilpassast etter kompetanse og ynskjer, Kinn kommune ynskjer å styrke veterinærdekninga i vaktdistriktet. Det er difor beslutta å ansette ein veterinær. Stillinga vil bli på dagtid i veka som ansatt i kommunen.  Ein må og inngå i vaktordning med turnus 1 dag i veka og kvar 4 helg. Denne delen er finansiert av statlege midlar og det er eit krav for å bli ansett i kommuneveterinær stillinga at ein skal gå i vaktordninga. Kinn kommune har ansvaret for klinisk veterinærvakt i Kinn vaktdistrikt som omfattar Søre Kinn, Søre Bremanger og Naustdal (Sunnfjord kommune). Ein må difor påberekne ein del køyring i vaktordninga. Kommunen sitt oppdrag innan landbruksforvaltninga er å ta vare på landbruket, miljøet og naturgrunnlaget, og vi skal levere gode tenester og vere ein god samfunnsutviklar. For å gjere dette treng vi dyktige og motivert medarbeidarar. I kommunen har vi om lag 150 søkarar av produksjonstilskot og dei viktigaste landbruksproduksjonane er mjølk, kjøt og grovfor. Hjorteforvaltning er viktig i Kinn og det vert felt over 1000 dyr kvart år i kommunen. Kinn kommune er ein av dei mest mangfaldige kommunane i landet og her finn ein det meste av urbane tenester, trivelege bygder og ein natur som spenner frå storhavets bølgjer til mektige brear i det indre. Moglegheitene for friluftslivet er utømelege. Kommunen er med over 17 000 innbyggarar ein av dei største i Vestland fylke, og byane Florø og Måløy er administrasjonssenter. Stillinga er med kontorplass Florø og ligg til landbruk under avdelinga arealforvaltning og byggesak. Avdelinga har 22 tilsette og eit godt arbeidsmiljø Arbeidsoppgåver • Oppfølging av næringssaker innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar i landbruket • Rettleiing innan saksfelta dyrehald, vilt- og utmarksforvaltning • Oppfølging av veterinærvaktordninga • Bidra til å rekruttere veterinærstudentar og være med i mentorordninga • Vaktordninga gjeld både kjæledyr og produksjonsdyr • Deltakelse i kommunal beredskapsvakt på kveld/helg, der målet er 4 veterinærar i ordninga i fast turnus 1 dag i veka og kvar 4. helg • Helse- og dyrevelferdsoppgaver • Eventuelle andre oppgåver  Kvalifikasjonar For stillinga: • Autorisasjon: Det vert krevd at søkar har autorisasjon som veterinær • Førarkort klasse B • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  • Gode samarbeidsevner • Nyutdanna oppfordras til å søke Tillegg for Klinisk veterinærvakt: • Dersom leverandøren er eit enkeltpersonføretak, skal innehavaren av føretaket vere autorisert veterinær • Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak • EIn må påberekne og halde eige utstyr og eigna lokale i vaktordninga • Leverandøren skal ha ordna forhold for innbetaling av skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift • Bestått Inseminasjonskurs • Evne til å jobbe sjølvstendig på vakt Personlege eigenskapar • Gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar vil bli tillagt stor vekt • Initiativrik, sjølvstendig, ryddig, serviceinnstilt og målretta  • Integritet. • Endringsvilleg og pragmatisk Vi tilbyr • Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø • Løn etter avtale • Telefonordning • Gode pensjonsvilkår  • Stillingsandel knytt til forvalting kan tilpassast etter ynskje. Vi kan tilpasse stillinga mellom 70–100 % etter avtale. • Konkurransedyktig lønn + godtgjørelse for vakt • Mulighet for å påvirke arbeidstid  • Faglig utvikling og støtte til kurs • Tverrfaglig samarbeid og gode kollegaer • Hjelp til å skaffe bolig Kontaktinformasjon Leni Marie Lisæter, Plansjef i Kinn, +47 99029461 Arbeidsstad Strandgata 30 6905 Florø Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5100309151 Stillingsprosent: 100% Anna Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 30.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.