M
Klinisk ernæringsfysiolog
Medisinsk poliklinikk Førde, Helse Førde
FØRDE Vikariat August 27, 2026
Job description
Helse Førde har ledig 40 % vikariat som klinisk ernæringsfysiolog (KEF) i perioden 07.09.2026 til 27.08.2028.
Vikariatet er knytt til fråvær som følgje av frikjøp av medarbeidar.
Kliniske ernæringsfysiologar i Helse Førde er organisatorisk plasserte ved Medisinsk poliklinikk. Poliklinikken greier ut og behandlar pasientar innan kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi.
Arbeidsområdet omfattar alle klinikkane i Helse Førde, inkludert medisinsk, kirurgisk og psykiatrisk klinikk. Som tilsett blir du ein del av eit fagmiljø med tre kliniske ernæringsfysiologar.
Arbeidsoppgåver
• Ernæringsbehandling og rettleiing av enkeltpasientar og pårørande i poliklinikken
• Ernæringsbehandling og rettleiing av pasientar innlagt i Helse Førde
• Tverrfagleg samhandling i høve ernæringsarbeid ved dei kliniske postane
• Undervisning og rettleiing av KEF-studentar og helsepersonell
• Undervisning og rettleiing av pasientar med livsstilsrelatert- og annan sjukdom i grupper i samhandling med Lærings-og meistringssenteret
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
• Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
• Trivst med rettleiing og undervisning, individuelt og i grupper
• Er eigna til å drive og administrere tverrfagleg aktivitet
• Evnar å halde seg fagleg oppdatert
• Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
• Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Vi tilbyr
• Eit fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver
• Godt arbeidsmiljø
• Lønn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5172467023
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Startdato: 07.09.2026
Sluttdato: 27.08.2028
Søknadsfrist: 04.09.2026
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

