Vayme
F

Jordmor

Føde og barsel SNR, Helse Møre og Romsdal HF

HJELSET Vikariat August 12, 2026

Job description

Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Velkomen til oss som jordmor ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal!   Vi har ledig 1 vikariat som jordmor med oppstart frå snarast. Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og stor aktivitet. Vi har godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset. Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ein mor/barn vennleg seksjon (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi mellom anna jordmor tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epidural analgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise. Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.  Søknader vil bli vurdert fortløpende. Arbeidsoppgåver • Kontinuerleg og heilskapeleg fødselsomsorg • Varierte jordmorfaglege oppgåver innanfor svangerskap, fødsel og barsel Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som jordmor • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar • Det er ønskjeleg at du har meir enn 1 års erfaring frå fødeavdeling, men det er ikkje eit krav. Personlege eigenskapar • Du er motivert for fagleg utvikling • Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig • Du har gode samarbeidsevner • Du arbeider sjølvstendig, men har samstundes evne til å arbeide tverrfagleg  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Kontaktinformasjon Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleder, +47 91647756, ingeborg.hjertvik@helse-mr.no Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5163534248 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 07.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.