Vayme
I

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar 

Intensiv Førde, Helse Førde

FØRDE Fast August 10, 2026

Job description

Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig helsefagarbeidar/hjelpepleiar frå 01.10.2026.  Intensivavdelinga i Førde er ei avdeling med sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga har både  medisinske og kirurgiske pasientar, der ein har alt frå pasientar med enkle kirurgiske inngrep, til intensivpasientar med behov for omfattande pleie. Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjeneleg like i nærleiken.    Arbeidsoppgåver • Ansvar for varelogistikk og orden i avdelinga • Hjelpe intensivsjukepleiarane i arbeidet med pasientane. • Gje omsorg for pasient og pårørande  Kvalifikasjonar • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg • Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne Personlege eigenskapar • Du har motivasjon og interesse for å halde avdelinga rein og ryddig, vi treng god orden. • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt • Du må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar, men også takle rolige stunder der ein hjelper til på andre avdelingar når det er rom for det. • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du må være ein del av eit oppmuntrande og inkluderande arbeidsmiljø • Du er punktleg og påliteleg • Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr • Løn etter tariff  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  • God opplæring • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø  .Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.  Kontaktinformasjon Wenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5163583894 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.