Vayme
M

Forskningssjukepleiar

Medisinsk poliklinikk Førde, Helse Førde

FØRDE Engasjement August 9, 2026

Job description

Medisinsk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig ei 40% prosjektstilling som forskingssjukepleiar i to år, med moglegheit for forlenging.  Det er eit nasjonalt mål å gi fleire pasientar høve til å delta i kliniske studiar og utprøvande behandling. Helse Førde arbeider målretta for å byggje opp ein god infrastruktur for dette, i tråd med nasjonale føringar. Som forskingssjukepleiar blir du ein del av eit team som arbeider med å utvikle og gjennomføre kliniske studiar. Du vil bidra til at Helse Førde kan gjennomføre fleire studiar på ein effektiv, trygg og profesjonell måte. Arbeidsoppgåver • Delta i planlegging, kvalitetssikring og gjennomføring av kliniske studiar for ulike diagnosar  • Oppfølging av pasientar som deltek i kliniske studiar  • Vere koordinerande ressursperson for pasientar, pårørande og anna helsepersonell  • Undervisning og rettleiing (til samarbeidande personale)  • Polikliniske konsultasjonar med lege og eigne sjukepleiarkonsultasjonar • Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar  • Sikre god kvalitet på studiedata gjennom god dokumentasjon og rapportering  • Delta i utviklingsarbeid med omsyn til kliniske studiar  Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar  • Ønskjeleg med erfaring frå klinisk forsking, særleg kliniske studiar • Ønskjeleg med erfaring frå pasientbehandlig på sjukehus • Gode digitale ferdigheiter  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk Personlege eigenskapar • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig  • Initiativrik og engasjert  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide på tvers av fagmiljø • Gode kommunikasjonsevner • Fleksibel og løysingsorientert  • Ansvarsbevisst  • Personleg eignaheit vil verte vektlagd Vi tilbyr • Nødvendig opplæring  • Eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø  • Moglegheiter for kompetanseutvikling  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver  • Opplæring i forskningsspesifikke program • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5163420515 Stillingsprosent: 40% Engasjement Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 06.09.2028 Søknadsfrist: 31.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.