Vayme
N

Fagkoordinator

Nav Askøy // Avdeling Arbeidsliv

KLEPPESTØ Fast August 31, 2026

Job description

Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å koordinere, samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy! Nav Askøy har ledig fast stilling som fagkoordinator i avdeling Arbeidsliv. I avdelinga arbeider vi med sjukefråværsoppfølging, arbeidsretta oppfølging og oppfølging etter sosialtjenesteloven, hovudsakleg til personer over 30 år. Vi har også overordna ansvar for gruppetiltaka i kontoret og back-office. Som fagkoordinator vil du inngå i, og ha fagleg ansvar for fagteama for oppfølging av sjukefråvær og arbeidsretting. Du vil også bistå heile kontoret i faglege spørsmål og avklaringar. 50% av stillinga vil innebere oppfølging av brukarar. På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga. Vårt kontor har 70 tilsette fordelt på 4 avdelingar. Vi held til i nye, aktivisertbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt frå Bergen til Askøy. Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen. Kva går jobben ut på? • vere fagleg oppdatert og bistå dei andre i kontoret • koordinere teama i tråd med samfunnsoppdraget og mål • legge til rette for kontinuerleg forbetring • bidra til utvikling og godt samarbeid internt og eksternt • kartlegge og følge opp deltakarar i eigen portefølje • leie fagmøte • delta i opplæring i kontoret og i regionen Nav er i kontinuerlig utvikling og endring i arbeidsoppgåver og ansvar må påreknast. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning. • god erfaring frå arbeid med oppfølging av menneske i ulike livsfasar • rettleiings- og/eller inkluderingskompetanse • erfaring frå motivasjonsarbeid • gode muntlige og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk Det ein fordel om du har • god kjennskap til samfunnsoppdraget og tenestene til Nav • god forståing for teamarbeid og teamutvikling • erfaring frå koordinering av team • erfaring frå prosessleiing Har du utdanning frå utlandet, ber vi om autorisert omsetting og godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/). Kva ser vi etter hos deg? • du er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar med kollegar, brukare og samarbeidspartnarar • du kommuniserer informasjon, forventingar og tilbakemeldingar tydeleg og på ein inkluderande måte • du jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne • du kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og har evne til å handtere uventa hendingar • vidare er du fleksibel, sjølvgåande, har evne til eigenmotivasjon, arbeider strukturert og er trygg på å bruke ulike system Kvifor velje oss? • ei meiningsfull rolle i eit viktig samfunnsoppdrag • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer • moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass) • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida • stillingskode 1364 som seniorrådgivar i lønsspenn frå kr 700 000 til kr 760 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Les meir om Nav som arbeidsgivar Kontaktinformasjon Monica Sandstå Hansen, Avdelingsleiar Avdeling Arbeidsliv, 986 05 892, monica.sandsta.hansen@nav.no Arbeidsstad Gamle Kleppestøvegen 2 5300 Kleppestø Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nav Referansenr.: 5173089562 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 15.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.