K
Fagekspert lege
Klinisk IKT, Helse Møre og Romsdal HF
VOLDA Prosjekt August 12, 2026
Job description
Er du lege med eit hjarte for teknologi? Som fagekspert er du ein nøkkelperson i å forme framtidas helsetenester – du koplar klinisk innsikt med smarte, digitale løysingar som gjer ein forskjell for dine kollegaer.
Avdeling for E-helse og teknologi er motoren bak digitaliseringa i Helse Møre og Romsdal. Her jobber vi med å utvikle og drifte moderne IT-løysingar og medisinsk teknologi som gir auka pasienttryggleik, bedre arbeidsflyt og meir effektiv behandling.
Det er ønskeleg med snarleg oppstart, evt etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Kva du får jobbe med:
• Koordinere med fagmiljø, fagavdeling og fagdirektør for nødvendig fagleg avklaring og beslutning (lokalt).
• Bidra til utvikling av standardiserte pasientforløp, prosedyrar og retningslinjer.
• Definere og vidareutvikle korleis journalsystemet skal støtte det kliniske arbeidet.
• Innhente faglege avklaringar og sørgje for forankring av beslutningar på tvers av føretaka.
• Byggje opp og halde ved lag oversikt over funksjonalitet i løysinga, mellom anna utfordringar, manglar og forbetringsbehov.
• Delta i faste samarbeidsmøte med St. Olavs hospital, Helse Nord-Trøndelag og Helseplattformen AS.
• Bidra til undervisning, rettleiing og kompetansedeling.
• Delta i spesialitetssprintar.
• Støtte klinikkane ved innføring av nye arbeidsprosessar og ny funksjonalitet.
• Arbeide for betre informasjonsflyt mellom sjukehus, kommunar og fastlegar.
• Sikre fagleg kvalitet i arbeidsflytar, prosedyrar og klinisk innhald.
• Samarbeide tett med fagmiljø og beslutningsstrukturar på lokalt og regionalt nivå.
Kvalifikasjonar
• Lege med klinisk erfaring i bruk av Helseplattformen
Personlege eigenskapar
• Du likar å utforske nye løysingar og tenkje framover.
• Du trives med å jobbe på tvers av fagmiljø og byggje gode relasjonar.
• Du held oversikta, er strukturert og finn smarte vegar vidare.
• Du har ei fleksibel haldning.
• Du har gode kommunikasjonsevner, både med kollegaer, klinikarar og teknologar.
• Du ser moglegheiter i nye arbeidsformer og digitale verktøy.
• Du er trygg i rolla som lege – du tek ansvar og står stødig i faglege vurderingar.
• Du trives i skjeringspunktet mellom helse og teknologi
Vi tilbyr
• Moglegheit til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag!
• Supre og inkluderande kollegaer
• Eit godt, engasjert og tverrfaglig arbeidsmiljø
• Fleksibel stilling (50–100 %)
• Fleksibel arbeidstid
• Arbeidsforholdet er regulert av gjeldande lover, avtalar, overeinskomstar, eventuelle særavtalar og personaladministrative føresegner ved Helse Møre og Romsdal HF.
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, +47 97745150, Silje.Johanne.Farstad@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5162095359
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 26.08.2026
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

