Vayme
H

Fagarbeidar

Herøy kommune, Anlegg og drift

FOSNAVÅG Fast August 11, 2026

Job description

Er du klar for nye utfordringar og ein jobb i uteseksjonen ved anleggs- og driftsavdelinga? Vi søkjer ein fagarbeidar innan anleggsfaget til uteseksjonen i 100% fast stilling. Vi ser etter ein person som har evna til å skape det triveleg og ryddig på dei kommunale områda som avdelinga har ansvaret for. Avdelinga sorterer under sektor for samfunnsutvikling, og har per i dag sju tilsette. Fire av desse har sitt daglege verke i uteseksjonen, med verkstad/brannstasjon som base med pauserom, kontor og garderobefunksjonar. Arbeidsoppgåver • dagleg drift og vedlikehald av dei kommunaltekniske anlegga i kommunen; kommunale vegar, avløpsanlegg, hamn, sentrumsområde, parkområde og verkstaddrift • vintervedlikehald, der du må pårekne å delta i brøyteberedskapen • køyring av maskiner som vi brukar i den daglige drifta, per i dag har vi lastebil med kran, liten lastebil, traktor og hjullaster Stillinga kan verte tillagt andre arbeidsoppgåver ved behov, der det kan være aktuelt å delta i vaktordning - teknisk vakt. Kvalifikasjonar • fagbrev i anleggsfaget, anna relevant utdanning kan verte vurdert • lang erfaring innan arbeidsområdet kan kompensere for utdanningskravet • sertifikat klasse C, B og T, det er også ønskeleg med E • ønskeleg med maskinførar sertifikat for hjullaster • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • serviceinnstilt, effektiv og er opptatt av kvalitet • sjølvstendig, men må kunne jobbe i team • du må trivast i eit hektisk miljø der planane kan endrast på kort varsel • vere fleksibel og løysningsorientert • likar å ta ansvar og få ting gjort • det er ønskeleg med gode datakunnskapar innan SD-anlegg og FDV-program Vi tilbyr • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver • moderne kontor/garderobar og verkstad, Sjukeheimsvegen 12 • gode pensjonsordningar i KLP Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte innkalla til intervju.  Kontaktinformasjon Fred Arnesen, Avdelingsleiar, +47 48897570 Arbeidsstad Sjukeheimsvegen 12 6092 Fosnavåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5162042630 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.