Vayme
S

Ergoterapeut 100% vikariat

Stranda kommune

STRANDA Vikariat August 9, 2026

Job description

Stranda kommune har ledig 100% vikariat som ergoterapeut frå snarast til 31.03.27, med moglegheit for forlenging. Ergoterapeut og fysioterapeut har eit tett samarbeid og er samlokaliserte.  Kontorstad er både ved helsestasjonen og ved Stranda omsorgssenter.   Stranda kommune  har makspris kr 700,- pr. Månad for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.   Attestar og  vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.   Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn tre månadar.  Arbeidsoppgåver • Kartlegge og vurdere funksjonsevna både hjå personar som er heimebuande og på institusjon. • Kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak for personar som er heimebuande og på institusjon. • Rettleie og bistå brukarar i alle aldersgrupper, som av ulike årsaker har eller står i fare for å få funksjonsnedsetjing • Delta i tverrfageleg arbeid for å gi eit heilskapleg tilbod til brukaren/pasienten. • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon • Rettleie både kollegaer, pasientar og pårørande. • Dagleg ansvar for fagleg forsvarlig oppfølging av pasientane. • Samarbeide med andre aktuelle tenester og verksemder Kvalifikasjonar • Offentleg godkjenning som ergoterapeut • Erfaring som ergoterapeut frå kommunehelsetenesta • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B • Disponere eigen bil Personlege eigenskapar • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team • Gode evner til tverrfagleg samarbeid • Fagleg engasjert • Strukturert, fleksibel og omgjengeleg • Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr • Ein utfordrande og varierte arbeidskvardag som du kan vere med å utvikle og ette ditt preg på • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP • Nedbetaling av studielån dersom du bur i Stranda kommune Kontaktinformasjon Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089 Arbeidsstad Øyna 13 6200 Stranda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5163646483 Stillingsprosent: 100% Vikar Sluttdato: 31.03.2027 Søknadsfrist: 13.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.