Vayme
S

El-kontrollør

Seksjon for eigedomsdrift SNR, Helse Møre og Romsdal HF

HJELSET Fast August 20, 2026

Job description

Er du ein engasjert person som kunne tenke deg å jobbe som el-kontrollør i Helse Møre og Romsdal? I stillinga vil du ha ansvar for å utføre og følge opp internkontroll og termofotografering ved foretaket sine lokasjonar. Avdeling for bygg og eigedom har ansvar for å drifte alle sjukehusa i fylket med tilhøyrande eksterne bygg. Stillinga er knytta til foretaket sine lokalisasjonar i Ålesund, Hjelset, Volda, Kristiansund. Stillinga vil disponere foretaket sine tenestebilar ved behov. Arbeidsoppgåver • Elkontroll og termofotografering • Oppfølging i sjukehuset si drift- og vedlikehaldssystem • Delta ved tilsyn • Oppfølging etter tilsyn Kvalifikasjonar • Relevant fagskule-/ingeniørutdanning innan elektrofaget • Minst 3 års praksis fra bygging og vedlikehald av elektriske anlegg etter endt utdanning • Sertifisering iht. NEK 405-3 • Opplæring i sikkerhetsforskrifter (FSE) • Førerkort klasse B Personlege eigenskapar • Du må vere løysingsorientert • Du kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre • Du har gode kommunikasjonseigenskapar • Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. Kontaktinformasjon Britt Eli Gyldenskog, Seksjonsleiar, britt.eli.gyldenskog@helse-mr.no Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5152569296 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.