Job description
Vi søker ein engasjert og framtidsretta bibliotektilsett i ei mellombels prosjektstilling på 1 år. Stillinga er ei styrking av bemanninga ved biblioteket i samband med eit utviklingsprosjekt, der målet er å vidareutvikle samarbeidet mellom folkebiblioteket og skulebiblioteka. Slik vil vi bidra til at fleire barn og unge får lyst til å lese, lære og utforske verda gjennom litteratur.
Stillinga er ei prosjektstilling på 100% (1 år) med moglegheit for forlenging dersom prosjektet blir vidareført.
Du blir ein del av bibliotekteamet og arbeider i tett samarbeid med kollegaer ved biblioteket, i tillegg til kontakt med elevar, lærarar og skuleleiing.
Arbeidsoppgåver
• Delta i planlegging og gjennomføring av tiltak som knyter folkebiblioteket og skulebiblioteka tettare saman (til dømes felles leseprosjekt, forfattarbesøk, temaveker og klassebesøk).
• Medverke til å utvikle struktur og rutinar for skulebiblioteka saman med lærarar og leiarar i skule.
• Bidra til å utvikle skulebiblioteka som ressurs for leselyst.
• Vere med på å vidareutvikle biblioteket som ein inkluderande møteplass for barn og unge
Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning, gjerne innan bibliotek, pedagogikk eller liknande.
• Erfaring frå arbeid i bibliotek, skulebibliotek er ein fordel.
• Kjennskap til barn og unge sine lesevanar, og interesse for litteratur og formidling til denne målgruppa.
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk.
Personlege eigenskapar
• Du er initiativrik, sjølvstendig og likar å få ting til å skje.
• Du trivst med å arbeide saman med andre, byggje relasjonar og skape engasjement.
• Du har eit varmt engasjement for barn og unge, lesing, kunnskap og like moglegheiter.
Vi tilbyr
• Ei spennande moglegheit til å vere med å utvikle framtidas bibliotek- og skulebibliotektilbod i kommunen vår.
• Eit fagleg miljø med høve til påverknad, utvikling og samarbeid.
• Varierte arbeidsdagar.
• Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Britt Opsahl Myrene, Biblioteksjef Ulstein bibliotek, britt.opsahl.myrene@ulstein.kommune.no
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 5167528707
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 04.09.2026
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

