Vayme
O

Barnehagelærar

Oppvekst og kulturetaten

ULSTEINVIK Fast August 20, 2026

Job description

Ulstein kommune har fire kommunale barnehagar; Høddvoll barnehage, Sundgotmarka barnehage, Sætra barnehage og Almejordet barnehage. Almejordet og Sætra barnehage skal etter planen flyttast og slåast saman til ny barnehage på Skeide frå barnehageåret 2027/2028. Her kan du lese meir om barnehagane. Vi vil frå desember ha ledig stilling som barnehagelærar i Sætra barnehage. Vi er på jakt etter ein topp motivert, engasjert og kvalitetsbevisst barnehagelærar som kan legge til rette for leik og trygge relasjonar. Barnehagane arbeidar med uteliv og inkluderande barnehagemiljø, der gode naturopplevingar og alternativ kommunikasjon (ASK) er sentrale deler av kvardagen. Dei tilsette arbeidar ut frå tanken om at barna skal vere i sentrum, og at barn er verdifulle, kompetente og sosiale.  Oppstart etter avtale. Arbeidsoppgåver • Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med andre tilsette • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarn og barnegrupper • Påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid • Samhandling med andre instansar • Medverke til godt foreldresamarbeid • Ha kunnskap og handlingskompetanse om barnas leik, leikemiljø og kunne delta og rettleie barn i leik • Gjennomføre og delta i avdelingsmøte, personalmøte, foreldremøte, utviklingssamtalar m.m. • Rettleie kollegaer for å fremme eit godt leike- og læringsmiljø med fokus på gode relasjonar Kvalifikasjonar • Krav om godkjend utdanning som barnehagelærar • God relasjons- og leikekompetanse • God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter • Gode leiareigenskapar med evne til å jobbe sjølvstendig og bygge gode lag rundt barna Personlege eigenskapar • Gode kommunekasjon- og samarbeidsevne • Løysingsorientert • Autoritativ • God motivator • Evne til å vere strukturert og handtere fleire oppgåver samtidig Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen: Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald Vi tilbyr • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø • Varierande og spennande arbeidsoppgåver • Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell, strand, parkar og dyr rett utanfor døra • Autonomi • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest etter barnehagelova §19  Kontaktinformasjon Karoline Møller , Styrar Sætra barnehage , 98845843, karoline.moller@ulstein.kommune.no Arbeidsstad Sjøgata 63 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten Referansenr.: 5165511567 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.