Vayme
F

Barnehageassistent

FJORDLY BARNEHAGE

BRYGGJA Vikariat August 17, 2026

Job description

Vil du jobbe med barn i ein liten og trygg barnehage? Fjordly barnehage søkjer tilkallingsvikar til både kortare og lengre vikariat. Vi er ein liten, tradisjonsrik barnehage, idyllisk plassert på Totland i Stad kommune. Hos oss får du vere ein del av eit trygt og inkluderande miljø der barna står i sentrum. Vi legg vekt på omsorg, leik, læring, naturopplevingar og gode verdiar i kvardagen. Arbeidsoppgåver • Vere ein trygg og omsorgsfull vaksen for barna • Delta i leik, aktivitetar og daglege rutinar • Bidra til eit godt samarbeid med barn, føresette og tilsette • Delta i både ute- og inneaktivitetar Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som: • Har lyst til å jobbe med barn • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Ønskjer å arbeide i ein kristen barnehage • Kan leggje fram gyldig politiattest før tilsetjing Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er: • Omsorgsfull og positiv • Fleksibel og samarbeidsvillig • Ansvarsbevisst og påliteleg • Engasjert i barn si utvikling og trivsel Vi tilbyr • Arbeid i ein liten og oversiktleg barnehage • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer • Varierte arbeidsdagar • Moglegheit for både korte og lengre vikariat Barnehagen er sommarstengt frå veke 29-32. Om du har spørsmål om stillinga i denne perioden kan du sende ein e-post til cecilie-fjordly@outlook.com Telefon: 57 85 33 95 Søkjarar vert vurderte fortløpande.

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.