B
Barne- og ungdomsarbeidar
Brattvåg barneskule, Haram kommune
BRATTVÅG Fast August 30, 2026
Job description
Brattvåg barneskule får ledig ei fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar, med snarleg oppstart. Stillinga kan justerast.
Vi søkjer ein motivert og engasjert tilsett som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegie og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har i underkant av 200 elevar frå mange ulike nasjonar.
Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
• Gje omsorg og vere ein trygg omsorgsperson.
• Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i skulekvardagen deira og på SFO.
• Bidra til at kvart enkelt barn opplever positiv oppfølging.
• Ha fokus på det sosiale samspelet mellom elevane og bidra til ei positiv utvikling.
• Følgje opp planar og rutinar til kvart enkelt barn.
Kvalifikasjonar
• Ha gode relasjonelle eigenskapar
• Søkjarar må beherske norsk skriftleg og munnleg.
• Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med fleirspråklege barn, men ikkje eit krav.
• Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar.
• Ønskjeleg med erfaring med barn med ulike diagnosar og utfordringar, positivt med kjennskap til ASK.
• Den som vert tilsett må leggje fram tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
• Du må vere ein ansvarsfull vaksen med fokus på kvart enkelt barn og grupper.
• Ha fokus på relasjonsbygging og vere bevisst at du som vaksen skal vere ein god rollemodell.
• Gode omsorgsevner
• Kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag.
• Du må vere løysingsorientert, punktleg, påliteleg, fleksibel og ha gode samarbeidsevner.
• Du må trivast både med ute- og inneaktivitetar.
• Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst flotte elevar.
• Opplæring vil bli gitt.
• Løn i følgje tariff.
• Pensjonsordning gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Skulesvingen
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5168557180
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 07.09.2026
Søknadsfrist: 20.09.2026
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

