Vayme
H

Barne- og ungdomsarbeidar/ barnehageassistent som tilkallingsvikar

Helse Bergen HF

BERGEN Annet August 2, 2026

Job description

Vi søker deg som trivst å jobbe med barn og praktiske oppgåver. Du ønsker å gjere kvardagen til barna i barnehagen trygg og stabil. Ved å tilsette eigne vikarar, ønsker vi at barna i barnehagane våre i størst mogleg grad skal treffe tilsette som dei kjenner, og som er motivert til å jobbe med barna si utvikling og læring. Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester. *  Bemanningssenteret søker etter tilkallingsvikarar som barne- og ungdomsarbeidar/ barnehageassistent til sporadiske vakter ved alle fire barnehagane i Helse Bergen  Den som blir tilsett må pårekne vakter med ulike start- og sluttider. Tidlegaste start er 06.45 og seinaste slutt er 17.00. Vi ser etter deg som likar varierte arbeidsoppgåver og har erfaring frå barnehage. Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Samhandling med tilsette og barn krev gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner. Oppstart i stillinga vil vere frå snarast. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.  Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30. Arbeidsoppgåver • Arbeid som barnehageassistent i alle dei fire barnehagane våre • Bidra til at barna får god omsorg, læring og utvikling • Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift i dei ulike avdelingane i barnehagen • Følge den daglege rytmen til dei ulike avdelingane i barnehagen • Arbeid både på små- og storbarnsavdelingar Kvalifikasjonar • Erfaring frå barnehage • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg • God kunnskap om hygiene Personlege eigenskapar • Sjølvstendig og fleksibel - like omskiftande arbeidsstader • Meistre varierte arbeidsoppgåver • Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø • Evne å sette deg inn i dei ulike barnehagane sine rutinar og planar • Vise initiativ og ha evne til å sjå kva som må gjerast • Like å treffe nye kollegaer, barn og foreldre • Helse til fysisk krevande arbeid • Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer • God opplæring • Lønn etter gjeldande overeinskomst   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no Arbeidsstad Jonas Lies vei 59 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5125763044 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 06.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.