B
Badevakter og badeassistenter
Bjerkreim kommune
VIKESÅ Engasjement August 13, 2026
Job description
Vi treng badevakter til det offentlege symjetilbodet som har oppstart i veke 42. Vi treng deg som er over 16 år, er fleksibel, ryddig
og strukturert, og som ønskjer å arbeida som badevakt dei ulike dagane vi har
ope fram til påskeferien i 2027.
Har du ha lyst til å søkja, men kan ikkje arbeida på alle dei aktuelle dagane? Då søkjer du og skriv i søknaden og opplyser i søknaden kva
dagar og tider som passar for deg!
Arbeidsoppgåver
• Som badevakt skal ein leggje tilrette for ei god oppleving for til dei som nyttar seg av tilbodet.
• Ein har ansvar for å leite fram og rydde på plass igjen leikar, reingjering rundt bassenget og i garderobane mm. Vi gir opplæring.
• Badeassistentane vil vera ekstrahjelpa til instruktøren for barnehagesymjinga og ved symjekurs fredag ettermiddagar. Her må ein rekne med å opphalda seg i bassenget saman med ungane.
Kvalifikasjonar
• Alle badevakter/assistenter må kunne symje.
• Vi krev at alle må ha oppdatert livredningskurs, noko alle vil få tilbod om før oppstart i arbeidet. Kurset er obilgatorisk.
Personlege eigenskaper
• Personar som er fleksible, nøyaktige, pålitelege og serviceinnstilte.
• Arbeidet som badevakt passar for ungdom og det er aktuelt å fordela arbeidet på fleire.
• Du må vera minst 16 år for å søkja både som badevakt og som badeassistent.
• Det vil alltid vera minst to personar tilstades, kor den eine er over 18 år.
• Det er viktig at du i søknaden opplyser om det er dagar eller periodar du ikkje kan arbeida.
• Erfaring frå liknande arbeid, fleksibilitet og nærleik til arbeidsstaden er ein fordel.
• Det vil bli lagt vekt på språknivå i tilsetjingsprosessen.
Vi tilbyr
Arbeidstid:
• Offentleg symjing laurdagar: frå ca kl 09.30 til ca 15.00 i perioden frå 17.10.2026 til påskeferie 2027.
• Barnehagesymjing måndagar: mellom ca kl 09.30 - 13.30 i perioden frå 12.10. 2026 til påskeferie 2027.
• Assistent symjekurs fredagar: Mellom ca. kl 15.00 - 20.00 i perioden mellom ca 16.10 til og med 11.12. 2026, og i perioden mellom ca. 08.01. til påskeferie 2026.
• Symjekurs går over 8 veker haust og 8 veker vår, nøyaktige datoar vert fastsett ved oppstart.
• Lønsvilkår, timeløn etter lokalt takst og tillegg for kveld og helg
Kontaktinformasjon
Annette O Nedrebø, Rådgiver kultur, +47 988 80 147
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune
Referansenr.: 5163491300
Stillingsprosent: 10%
Engasjement
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 19.03.2027
Søknadsfrist: 14.09.2026
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav

