Vayme
H

Badevakt

Hå kommune Nærbø ungdomsskule

NÆRBØ Fast August 10, 2026

Job description

Nærbø ungdomsskule ligg i Hå kommune. Ved skulen er det omlag 330 elevar og 45 tilsette. Skulen har symjebasseng som på dagtid vert nytta av alle skulane på Nærbø og Varhaug ungdomsskule. På ettermiddagstid vert bassenget nytta til offentleg bading av bygda, i tillegg har symjeklubben faste tider på kveldstid. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass. Det er ledig ei fast stilling i 12,69 % som badevakt på ettermiddagstid frå 14.9.2026, eller før om det er ønskjeleg. Det er mogleg å dele stillinga opp i to. Arbeidstida Måndag kl 17.30 - 19.30 (familiebading) Tysdag kl 17.00 - 20.30 (jenter 10-16 år kl 17.00 -18.00 og damer over 16 år kl 18.00 - 20.30). Den offentlege badinga følger skuleruta med tanke på opningstider, fridagar og feriar. Arbeidsoppgåver - Du har tilsyn med dei som badar og sørgjer for at det ikkje oppstår farlege situasjonar - Du vedlikeheld sikkerheit- og redningsutstyr og sikrar at dette er klar til bruk - Du tek imot betaling - Du sørgjer for at reglar blir haldne i garderobar og i symjehallen - Du handterer ulykker og andre uønska situasjonar Kvalifikasjonar - Du er i god fysisk form og har gode symjeferdigheiter - Du kan stupa og dykka - Du har teke eller må ta livrednings- og førstehjelpskurs dette året. Det er skulen behjelpeleg med å leggje til rette for å få gjennomført - Du må kunna halda roen om kritiske situasjonar oppstår Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding. Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.