Vayme
M

Avdelingsleiar maritime fag

Møre og Romsdal fylkeskommune, Herøy vgs [heroy]

FOSNAVÅG Fast August 20, 2026

Job description

Herøy vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 1. jaunuar 2027 når ein av våre medarbeidarar går av med pensjon. Avdelingsleiaren vil få ansvar for programområda Martime fag, Naturbruk og Fiske og Fangst. Andre oppgåver som er  lagt til stillinga er KS-ansvarlig og å vere koordinator for skulen sitt systematiske HMS-arbeid. Som avdelingsleiar inngår du i rektor si leiargruppe. Du vil ha personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar og vere ansvarleg for avdelinga si faglege utvikling. Du har ein åpen, inkluderande og samarbeidande leiarstil, er oppteken av å skape godt læringsmiljø og gode læringsresultat for skolen sine elevar, og du kan stille deg bak skolen si pedagogiske plattform. Den som blir tilsett må vere motivert for utviklingsarbeid og vere budd på endringar, både i eigen portefølge og organisatorisk. Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk Helse- og oppvekstfag Naturbruk Restaurant- og matfag Teknologi- og industrifag Herøy vgs er også privatistskule for Søre Sunnmøre. Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Arbeidsoppgåver • Avdelingsleiar for programområda Maritime fag og Fiske og fangst.   • Personalansvar for eiga avdeling. • HMS-koordinator • Kvalitetsleiar • Skoleadministative oppgåver. • Vikararbeid. • Skoleårsplanlegging i samarbeid med øvrig leiargruppe. • Oppgåver knytt til økonomistyring og løn. • Andre avdelingar og oppgåver kan verte tillagt stillinga ut i frå kompetansen til den som vert tilsett. Kvalifikasjonar (overskrift) Vi søkjer deg som: • Har høgare relevant utdanning. • Har leiarerfaring og helst leiarutdanning. • Har erfaring frå maritim sektor eller fiskerifagleg kompetanse. • Har erfaring med HMS- og kvalitetsarbeid. • Ønskeleg med kunnskap og erfaring frå organisasjonar med administrativ og fagleg kompleksitet • Ønskeleg med erfaring eller kjennskap til vidaregående opplæring. Den vi søkjer har: • God relasjonskompetanse • Er tydeleg, og har god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg • Er serviceinnstilt, og har gode samarbeidsevner • Er fagleg trygg og likar å vere ein synleg ambassadør på eige fagområde Personlege eigenskapar vert vektlagt. • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling • Ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring • Løns og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.  Kontaktinformasjon Tore Tangen, Rektor, +47 95933931 Arbeidsstad Lisjebøvegen 4 6091 Fosnavåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5165604445 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.