Vayme
K

Avdelingsleiar 100 % fast stilling

Kommunalområde helse, Sykkylven kommune

SYKKYLVEN Fast August 25, 2026

Job description

Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske i Sykkylven? Er du ein trygg og inspirerande leiar som motiverer menneska rundt deg? Då kan dette vere stillinga for deg! Vi søkjer ein engasjert avdelingsleiar for Psykisk helse og rus med oppstart frå 01.12.2026. Psykisk helse og rus er ei tverrfagleg teneste som tilbyr oppfølging og behandling til personar med utfordringar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Teamet vårt består av høgt kvalifiserte fagpersonar med ulik bakgrunn, mellom anna psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionom. Som avdelingsleiar får du ansvar for å leie og vidareutvikle eit kompetent fagmiljø med fem tilsette. Du vil spele ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, utvikling og gode tenester til innbyggjarane våre. Stillinga kombinerer leiing med noko pasientretta arbeid. Avdelinga for Psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven kommune, som held til i det nye Helsehuset midt i sentrum. Eininga omfattar også legetenesta, heimebasert omsorg og avdeling for førebygging og meistring, noko som gir gode moglegheiter for tverrfagleg samarbeid. Vil du vere med og forme framtidas psykisk helse- og rustenester i Sykkylven? Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver • Delegert medansvar for økonomi,- personal,- og fagansvar for avdelinga • Dagleg drift • Samhandling med andre avdelingar innad i kommunen, spesialisthelseteneste og andre eksterne samarbeidspartnarar • Pasientretta arbeid • Fagutvikling • Kvalitetsarbeid • Sikre god ressursutnytting innanfor tildelte rammer • Delta i leiargruppe med dei andre avdelingsleiarane og einingsleiar  • Rapporteringsansvar for di avdeling til einingsleiar • Andre delegerte oppgåver frå einingsleiar Kvalifikasjonar • Relevant 3-årig sosial og helsefagleg utdanning • Må ha utdanning innan leiing eller relevant leiarerfaring • Kjennskap og forståing for relevant lovverk • God økonomiforståing  • God IT kunnskap • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Tydelege leiareigenskapar, sjølvstendig og målretta • Gode samarbeidsevner samt høg gjennomføringsevne • Strukturert, lojal og fleksibel • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Førarkort klasse B • Personleg eignaheit vert vektlagd Vi tilbyr • Varierte, utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Løn etter kommunale betingelser • Obligatorisk tenestepensjonsordning • Godt arbeidsmiljø • Nye kontorlokaler Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Kontaktinformasjon Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no Arbeidsstad Auregata 17 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5165526653 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.